Ei lita oppdatering: Birkebeinerrennet det ikkje vart noko av, pers på Nordsjørittet, nyutdanna og flytting.

Mykje har endra seg dei siste månane, og eg har ikkje heilt klart føre meg kva eg vil gjere med "eindag". Kanskje derfor det ikkje har vore nokon oppdatering dei siste seks månane...

Eg er no utdanna lærar, flytta til(bake) til Sandnes, og skal byrje i jobb på ungdomsskule frå hausten av. I utgangspunktet var dette ein blogg for å oppdatere dei heime medan eg studerte i Bergen- no vil eg påstå at dei ikkje treng det lenger. Men det har og vore ein stad eg har fått utløp for skrivekløe, frustrasjon og gleder, samt fått foreviga ekstra kjekke opplevingar og turar. 

Eg har merka kva eg likar ekstra godt å skrive om- bevegelsesglede, og på den staden skal de og få ei lita oppdatering.

- Birkebeinerrennet 2014: Avlyst, då siste finish blei lagt på skia. Skuffa, men slik er det berre. Fikk tidenes helg på Gjøvik saman med ei god venninne uansett.

- Nordsjørittet 2014: Tidenes vær og oppleving. Fortener eigentleg eit eige innlegg. Kan kort nemne; ingen vind (kor ofte skjer det på Jæren?), sol, folkefest og Jæren viste seg frå si beste side. Ny pers og masse idrettsglede!

- Runners knee: På betringens vei. Ingen lange løpeturar på denne jenta her ennå, men kan no springe i rundt 30 minutt utan problem, ein dag i veka. Glede.

Nye mål: Uvisst. Må sjå korleis hausten blir i ny jobb - ein ny kvardag ventar meg.

I sommar kan du finne meg på Elixia Sandnes som Jazzerciseinstruktør. Fantastisk å vere tilbake!

Nyt sommaren vidare! Me har vore utruleg heldige så langt!

Topp to Madrid, og eksamenskjør

Om det skulle vere noko tvil, så har bloggen teke ein eksamenspause. Talast etter 17.desember og tre eksamenar.
PS- Madrid var fantastisk. Her er topp to i farta med Madrid:

1: Godt å sjå Lene igjen!
2: Tapas/oliven

Meir kjem når tida strekk til. Lukke til med juleinspurten til dei det gjeld!

Klem frå Nina

Litt om eksamenslesing, litt om uplanlagt beintrening, litt om pakking til Madrid, og pittelitt kleine bilete frå garderoben

Øver meg på lange overskrifter. Eller, meir det at eg visste ikkje heilt kva eg skulle kalle det for, så då blei det enkelt og greit kva innlegget faktisk inneheld.

 

Då er eg pakka og klar for Madrid, eller, nesten klar.....

 

....pyjamasen må jo og med.

Rart med det. Eg skal ikkje vere vekke meir enn fire netter, men bagen er likevel rimeleg full. Kanskje det sikrer med frå å ikkje shoppe for mykje....



Ein av fire eksamenar er levert i dag, og ti kilo er fjerna frå skuldrene. Litt lettare å puste:) Då klokka vart 20.15, sa hjernen min bom stopp. Det var ingen sjangs om å klare lese ei linje meir. Eg var trøytt, lei av lesesalen, og rastlaus. Konkluderte med at eg kunne like så greit slutte, og reiste til Vektertorge med den innstillinga at eg berre skulle trene det eg hadde lyst til, berre for å få litt energi før pakkinga.

Det blei ei knall beinøkt. Nokon gonge er det dei øktene ein trur ein har minst energi, og som kanskje ikkje er så planlagte, som blir dei beste. 70 kg i knebøy. Nøgd med det, men må fortsatt arbeide litt md dybden.





 Øver meg på kleine "eg er i garderobenogharnettopptrent" bilete. Trur ikkje dette blir ein vane!

 

 

No blir det nok stilt frå denne kanten, for sjå om eg gjer noko lyd frå meg i Madrid. Hvis ikkje, vonar resten av veka blir fin - det trur eg mi blir!

10 km

Må berre seie det----

Gjennomførte i dag mine første 10 km sidan mai. MAI! Det er lenge det. Spesielt når pausen er så ufrivillig. No skal det seiast at eg gjekk i alle bratte nedoverbakker, men det er fortsatt 10 km. 10 km kor eg sprang av meg stress, og berre var til. 10 km kor beina gjekk av seg sjølv, medan vinden bles og regne piska. Og veit du kva, det var deilig. Ull, lue, hansker, hals og ein god tights, då går det meste.

Og no sit eg her igjen, men pensum. Men det gjere liksom ikkje så mykje, for eg har løpt 10 km. Im back in the game! Må berre skynde meg langsomt.....



 Sååååååå glad  var eg etter turen! Bilete frå Nepal. Hadde verken tid eller lyst til å bryte den gode kjensla eg hadde i dag med å stoppe og ta bilete.

....og der var det søndag igjen...Igjen?

Dagane går så fort, rekk knakt å trekke pusten før ei ny veke er over. Snart jul, jubler litt på grunn av det, men får og angst av det. Eller, ikkje angst som i angstansgt, men det stressar meg litt. Det er så mykje som skal gjeras før jul. Tre og ein halv  eksamenar skal gjennomføras, to arbeidskrav skal inn, nemnte eg sist at skuldrene byrja å bli høge? Vel, no er de snart over hovude. No gjeld det å klare å ta ein dag om gongen, så skal eg kome meg i mål denne desember og. Det er eit lite "rotteres" fram til onsdag, så stikk eg til Madrid for å besøke mi "BFF" ( haha, alltid hatt lyst til å skrive det, kan ikkje bli vaksen heilt enda), kjem tilbake på søndag.

Ellers har eg hatt arbeidshelg. Sola har verkeleg skint i Bergen i dag, men eg fekk ikkje nytta meg av den. Planen var roleg joggetur, den vart erstatta avv "Barnehagens og skolens samarbeid med foreldre til barn og unge med spesielle behov". Tjohei. Og her sitt eg, enda.

God søndag kveld. God mandag i morgon, vonar veka blir fin.



Intervall i haustmørkret

Åååååå, no er det verkeleg haust. På godt og vondt. I går vakna eg med kalde tær, ullteppet på gulvet, den eine ulsokken av, og dyna på skakke. Det var lett å stå opp i for å seie det sånn. Gradestokken viste -2 ute.



Sa eg at eg var glad i hausten?

Det beste av alt, snart er det vinter. Sa eg at eg gleda meg?

Gårsdagens trening: 4x4 effektive intervall i Sandveparken. Formen kjentes bra, så hadde det vore under vanlege omstendigheter ville eg ha kjøyrt på med eit drag til, men tok ikkje sjangsen. Må seie at det er lettare å finne flate ruter her heime i Sandnes, enn kva det er i Bergen. 7 flate km forsvant under beina mine, ingen teikn til smerke i kne. Hurra!


 Stemnig  å springe ute når det er så mørkt. Hadde gløymt kor koseleg Sandveparken er.






Ha ein fortreffeleg torsdag!

Trening på SIS sportssenter

Ja, eg er heime igjen - hehe. Har ei oppgåve som skal skrives, og då er det nokon gonge godt å skifte stove.

Apropo skriving og eksamen. Er det fleire enn meg som kjenne at skuldrene blir meir og meir spent? Og så allereie no? Det er jo knapt blitt november. Som eg har nevnt tidlegare er trening, og då spesielt løping, noko som stressar meg ned. Det saknar eg no. Eg saknar moglegheiten til å kunne snøre på meg joggeskoa og springe kor eg vil, så langt eg vil, kor fort eg vil, og kva tid eg vil. Det er søren ikkje lett å halde meg sjølv i tøylene no for tida. Spring eg berre littegranne for mykje, så veit eg at det er "påan" igjen.



 

Likevel er eg heldig som er glad i mykje forskjellig trening. Dagens økt vart gjennomført på SIS sportssenter (hurra for moglegheiten for gjestetrening!). Alltid kjekt med forandring. Det er eit godt utstyrt senter, men kan nok ikkje heilt måla seg med vektertorge mtp frivekter. Det vart ei super økt, med ny rekort i markløft. Det er så rart. Enten er vektene mykje tyngre i Bergen, eller så må det vere Sandneslufta som gjere meg sterk. Sist eg trente på SIS "persa" eg og på samtlige øvingar. Dette kan eg lika ;)

Sidan eg synes det er pinleg å stå og ta bilete av meg sjølv i spegle når eg trenar, spesielt når det er stappfult  får dykk nøye dykk med eit bilete henta frå nettet av SIS.

 

God kveld. Her skal eg snart finne senga. Var heime 01.15 i går, grunna forsinka kystbuss,(som foresten var skikkeleg nedtur etter å ha reist med bus4you dei siste gongene....) så eg kjenne at søvnen kjem snikande på...

 

Vekeoppsummering

Det har vore roleg frå denne kanten i helga. Eg har hatt storfint besøk frå Trondheim. Maria, som eg budde saman med fyrste og tredje året her i Bergen, har vore her. Rart kor godt det kan vere å sjå nokon igjen. Då merkar ein verkelet kor mykje ein har sakna nokon.





Ellers har dagane denne veka gått i skule, oppgåvearbeid, volleyball, skøyter og trening.


Her har eg vore mykje denne veka

 

 

 

Kjem nesten i desemberstemning av å sitje på skulen seint på kvelden, med mørkret ute og nyskrelt klementin (som er utruleg gode no!).

 

Ellers har treninga gått ganske greit i forhald til planane. Rart kor motiverande det kan vere å starte på eit nytt styrkeprogram. Men det som har vore treningas desiderte høgdepunkt denne veka, var då eg sprang 7 km, uten vondt i noko kne/fot. HURRA! Sakte men sikkert nærmar eg meg mila. Løypa var flat, eg tørr ikkje prøve meg på noko som går nedover enda.



God søndagskveld frå "diskosofaen"!

Trening med bruk av eigen og andres kroppsvekt

I det siste har me hatt treningslære, både i teori og praksis. Situasjonen i norsk skule er jo slik at ein gjerne ikkje har det nyaste og beste utstyret liggande i ein gjennomsnittleg gymsal. Då er det fint at me lærar korleis me kan legge opp til sirkeltrening med bruk av det heilt grunnleggande, både for den nye og den meir erfarne. Til døme, slik som dette :

 







Ellers bestod sirkelen av åtte postar. Me kjøyrte to seriar med 10-12 repetisjonar. Ett minutt pause.

1: Rygghev (ulike variantar. Finn ein variant som gjer deg nok utfordringar)

2: Knebøy/bulgars utfall

3: Pullups/chins. Enten hengande, assistert, eller med ryggen på gulvet og dreg deg opp etter ein bom

4: Dips. Benk eller stativ (brukte to stokkar frå ribbeveggen over til ein bom)

5: Nordic hamstring. Ein sitt på kne. Den andre sitt bak på leggane/anklane til personen som skal utføre øvingen. Personen senkar seg roleg og kontrollert ned mot matta, og dytter seg opp igjen. Tung men god øvelse.

6: Beinhev i ribbevegg

7: Armhevingar. Enten på kne, frå benk, osv.

8: Mage.

God, kjekk og effektiv time!

Massasjerulle og runners knee

Dei som følgjer meg på Instagram, har kanskje sett ho her før:

 

Rulla, som eg likar å kalle ho for, vonar eg skal hjelpe meg med å bli kvitt langdistansekneet. apexklinikken skriv at langdistansekne/løperkne/runners knee;

opptrer i vevet som binder det lange senedraget lateralt på låret med det store og det lille leggbeinet (tibia og fibula). Irritasjonen som oppstår ved høy belastning, oftest knyttet til mye løping eller likende belastende aktiviteter, gjør det oftest umulig å løpe uten smerter i kne regionen.  oppstår er ein senelidelse stramt senebånd som kalles Tractus Iliotibialis. Dette går på utsida av låret og fester seg under kneskåla. Det kan oppstå ved stram setemuskulatur(apexklinikken.no).



 (var lettare å berre kluppe og lime inn, i staden for å skulle skrive alt om. Så eg fortsett meg det). Vidare skriv dei litt om korleis det rammar løparar (meg):

For de fleste som får runners knee plager grunnet løping så ser det ut til at smertene kommer som et resultat av både en seneslitasje lateralt i tractus iliotibilalis (senedrag lateralt på låret) der denne passerer den laterale epikondylen(beinknoken på siden av kneet) på femur. I tillegg ser man ofte en bursitt(slimposebetennelse) i samme området (apexklinikken.no). 

 Det er ikkje uten smerte når ein rullar for å seie det sånn...

 

 

Ein kan gå til behandling, slik som eg har gjort tidlegare for det. Då får ein gjerne trykkbølgebehandling og eit treningsopplegg. Eg har no altså gått til innkjøp av ei massasjerulle og satser på tøyning av med anna setemuskulatur + rulle for harde livet.

Ellers er det berre å følgje meg på instagram for oppdateringar frå kvardagen. Brukarnamne er "ninsom".

Me preikast :)

Endring av treningsopplegg, nye mål

Då er det kanskje på tide å seie det eg eigentleg har holdt for meg sjølv i to/tre månedar no....Eg er meldt på birkebeinerrennet, ingen veg tilbake no, nei! Eg deltok sist i 2010, då eg gjekk på folkehøgskule, så det er nokon år sidan.



Det førar til at eg må endre litt på korleis eg har lagt opp treninga det siste halvåret. Frå å fokusere på muskelvekst og styrke, blir no fokuset retta mot kondisjon. Det er ikkje berre utan utfordringar, då eg ennå er veldig begrensa i kor mykje eg kan springe med tanke på kneet. For ikkje å gløyme at eg bur i Bergen. Vestlandet + snø, er ikkje alltid den mest lovande kombinasjonen.

 



No blir det i alle fall barmarkstrening fyrst. Planen enn så lenge er å starte med fire kondisjonsøkter i veka. To løping og to på sykkel. Kjøyrer ei løpeøkt på terskel, og ei bakkeintervall. Sykkel kjem til å variere litt, då det mest sannsynleg blir i spinningsal. Men sidan eg ikkje kan springe så langt, må eg prøve å få med meg langkjøyringane som er på 75 og 90 minutt, trur eg.

Å  trene mindre styrke blir faktisk litt vemodig, tross at eg nok alltid vil vere ei kondisjonsjente. Eg har i det siste hatt utruleg stor framgang, noko som gjer motivajson til tusen. Så planen blir å kjøyre enten ein tosplitt, eller eit fullkroppsprogram, to til tre gonger i veka. Eg for sjå litt korleis tida strekk til, og korleis det blir i forhald til det me gjere på skulen.



 

I forhald til styrken er eg spent på korleis det blir å setje i gong med staking. Eg er mykje sterkare i overkroppen no, enn kva eg var i fjor. Samtidig har eg ikkje kjøyrt nokon form for høyreps, så er spent på kor mykje det har å seie. Men litt må det vel ha?

Vonar eg får med meg eit par med rulleski opp til Bergen seinare i haust. Og må nok og kjøyre på med elghufs. Kjekt å ha noko konkret å trene mot no i mørkret!

 


 

 

 

Gladlaks som får teste tights for Get Inspired :)

Gjett om denne jenta føler seg heldig då! Eg får teste ein ny vintertights frå Casall for Get inspired. Get Inspired er den nettsida eg brukar å kjøpe treningstøy på. Dei har så mykje fint og er superrask på levering.

Eg er ganske kresen på treningstøy. Det skal vere estetisk fint å sjå på, spesielt no når eg går rundt i treningstøy for det meste heile dagane. Kvaliteten skal vere god. Det vil seie eg forventar at det skal holde i meir enn ein sesong. Ein vintertights skal vere vindtett, helst litt vannavstøtande, varmare enn ein ordinær tights, og plass til ull under. Så då blir det spanande og sjå korleis denne svarar til forventningane. For å seie det sånn, så langt er eg superfornøyd. Men det har vore ganske mildt i Bergen, så eg er spent på korleis det blir når kulden slår til. Enn så lenge er den i alle fall vindtett, og på låra er den og vannavstøtande. Pluss i boka altså.

 

 













Eg er ennå rusa på endorfiner etter ein løpetur med mi gode og spreke venninne Line. Det er deilig å endelig kunne springe litt uten vondt. I dag var eg oppe i 6 km! Kanskje mila nærmar seg etter kvart. No har eg satt grensa på to løpeøkter i veka. Satsar då på ei økt med intervall, og ei terskel. Så får me sjå korleis det går med tanke på kneet :)

Ha ein fin søndag vidare :)

Trening som del av skulekvardagen

Litt av det som er kjekt med å gå på skule no, er å få på på skøyter i skuletida. Fint liv!

Hockey pockey - innebandy på is

Det er rett og slett utruleg deilig og endelig få bevege seg, ikkje berre på kveldstid, men og på skulen. Etter tre år med typisk forelesningsfag, kvalifiserar dette som ein annleis skulekvardag. Og for meg, har dette året med idrett/kroppsøving vore ei gulrot eg har sitt fram til frå eg starta på lærarstudie.

Vitne til baksnakking

Eigentlig har eg ikkje tid til å blogge noko som helst akkurat no, for skal skrive eksamen, men eg sitt her og er passe irritert, så må berre fortelje, og vonar det kan få andre til å tenkje seg om.

 

Eg tok bussen heim frå byen/skulen i dag. Bussen var stappa full (og no kunne eg tatt opp "reis deg for gravide- og -sjukedebatten", men det er utruleg nok ikkje der eg skal no). Bak i bussen er det fire seter som er vendt mot kvarandre. Der sitt det fire 8/9.klasseungdommar. Bussen er så full, at det står mennesker opp heile midtgangen. Det ein snakkar om blir dermed ikkje noko privat. På ingen måte. Eg satt med ryggen vendt til denne firesetaren. Og eg holdt på å eksplodere. Eller, på ei anna side, så vart eg berre utruleg trist.

Dei baksnakka som det sang etter. Høgt, tydeleg om ein i klassen deira. Om kva dei ikkje likte me han, om kva ingen likte med han. Dei lo av han, fortalte med latter i stemmen korleis alle prøvde å unngå han. Kor håplaus han var. Det var ikkje berre han som fekk gjennomgå, var ei jente og, men det var kva dei sa om han guten som verkeleg satte sinne i kok hjå meg. Ikkje prøvde dei å halde det hemmeleg kven dei snakka om. Namn vart brukt, fleire gonger. Eg undrar meg over om dei hadde trurt å seie dette hvis han hadde vore til stade. Eg lurar på korleis dei hadde følt det, hvis dei plutseleg hadde funne ut at han satt og høyrte kva dei sa.

Eg satt der og høyrte på korleis denne guten vart mobba dagleg på skulen. Og eg følte meg så makteslaus. Kunne ikkje seie noko. Hadde lyst til å seie noko.Burde kanskje reist meg og sagt noko, eg varte i staden eit passivt vitne.

Diverre er ikkje dette eit spesialtilfelle. Det er ein grunn til at me høyrer om barn som tek livet av seg, om barn som får øydelagt sjølvbilete sitt, som mistar trua på seg sjølv, som blir deprimerte. Me høyrer og om barn som ikkje blir trudd, hjulpet, og som blir gløymt i systemet. Det er heller ikkje all mobbing som er lett synleg for andre.

Eg vonar at dette er noko deira foresatte og lærarar er klar over. Eg vonar nokon tar tak i denne klassen og stillar elevane til ansvar. Eg vonar nokon kan læra dei litt om moral. Eg vonar nokon kan visa dei kva konsekvensane kan varte. Eg vonar nokon kan få dei til å setje seg inn i andres ståsted. Eg vonar guten får hjelp. Eg vonar INGEN lar mobbing pågå medan dei veit om det. Ser du nokon som ikkje har det bra, ta ansvar. Gå til ein vaksen, fortel det til foreldra dine. Nokon du stolar på, og som vil gjere noko med det. Gjer kva som helst, berre ikkje lukk augene og sjå ein anna veg. Det same gjeld du som er vaksen. Kjem nokon til deg og seier nokom blir mobba eller plaga. Gjer noko med det. Ikkje gjøym deg bak at ein liksom skal varte "sterkare" av det, eller at ein berre skal ta igjen. Det er gamle myter som burde vore avkrefta for lenge sida. TA ANSVAR

Illustrasjonsbilete henta frå:http://laringsmiljosenteret.uis.no/nyheter/article58445-667.html

 

 

Eg vil ta helseomgrepet tilbake!

Helseomgrepet har forandra seg veldig i det siste. Det er ikkje sikkert ein er medviten over det, men tenk deg om. Helse, kva er det fyrste du tenkjer på, Eller, la meg leggje til, trening og helse.

 

Eg har skreve om dette før, men føler for å skrive om det igjen. For meg er fysisk aktivitet og trening ikkje berre noko eg gjere fordi det er gøy, men det er og ein livsstil for meg. For meg er løping terapi. Styrketrening gjer meg ei kjensle av meistring, og at eg er sterk, ikkje berre på trening, men og i det daglege. Helsegevinstene eg får frå trening og fysisk aktivitet er dermed ikkje berre det fysiologiske, men også mentale. Eg får det betre med meg sjølv. Det er i alle fall noko av det eg vil ha ut av treningen.

Kva skjer då med vår tankegang, når media florerer med bilete av jenter med six pack, instagramkontoen fyller seg opp med matbilete, og facebook domineres av statuser som "i dag har eg hatt to økter, då kan eg kanskje ta fri i morgon" (satt på spissen).

Til inspirasjon eller besvær?

Typisk quote som er ute no for tida.



 Den nye idealkroppen?

Eg trur det gjere noko med kva me tenkjer om oss sjølv. Det gjere i alle fall det med meg. Om eg likar det? Nei. Eg er ei sunn jente. Likevel kan eg sjå meg i spegle, og tenkje, eg er ikkje fit nok, eg er ikkje trent nok. Eg ete ikkje sunt nok. Sjokolade er fyfy. Den gode kjensla etter ent treningsøkt kan gløymas hvis ein oppdagar ein " ny" valk. Og eg innrømmar det gjerne. Eg har fleire jenter på instagram som postar bilete, både av seg sjølv og mat. Eg les artiklane på VG om korleis trene for å få "den perfekte kropp". Eg lar meg påverke.

Korleis kan ein då endre fokus? Her er det eg skal gjere:

1: Slutte å lese fitnessbloggar som gjer med dårlege vibber

2: Målsetting i styrke og uthaldenhet. Dermed endre fokus frå det estetiske til prestasjon.

3: Trene det eg vil, når eg vil. Lov å gå bort frå det planlagte. 

 

Trening skal vere lystbetont. Eg meiner og at alle eigentleg likar å vere i fysisk aktivitet. Ein må berre finne det ein likar. Eg er redd for at hvis dette kjøret om fitness fortsett, kan det gjere at fleire trur trening og fysisk aktivitet ikkje er for dei. Det virkar uoverkommeleg fordi ein ikkje klarer å nå sceneformen dei har i til døme bikinifitness.

Dette er ikkje meint som eit direkte angrep på fitness(sporten?). Den er ikkje for alle. Og eg er klar over at den lave fettprosenten berre er under konkuransen og ikkje i det daglege. Eg stiller likevel spørsmål til kor sunt det er, når eg har inntrykk av at ein er på det svakaste under konkuransen mtp mat og fettprosent. Den diskusjonen tar eg likevel ikkje her. I alle fall ikkje no. Eg ser og at det kan vere til stor inspirajson. Eg lar meg sjølv inspirere og fascinere av fleire. Ein må berre klare å distansere seg frå det. Og det er kanskje den biten eg slit med no for tida. Derfor må eg ta meg ein pause frå det.

Eg vil ta helseomgrepet tilbake til der det skal vere, med fokus på det psykologiske som vel det fysiologiske. La trening vere lystbetont. Det skal styrke deg, og vere til hjelp i det daglege. Hvis det gjere det motsatte og bryt deg ned. Tenk deg då om. Kvifor trenar du, kva les du, kva lar du deg inspirere av, kva mål har du, korleis kan du endre fokuset slik at det gjer deg eit betre sjølvbilete?

 Hurra for runners high, løpeglede og ikkje minst snø. Snart vinter :D

Dette var mine tankar ein tirsdagskveld etter å ha lese med anna dette: http://isabellahm.blogg.no/1382295889_dra_meg_ut_av_fitness.html

God kveld, og god natt :)

 

Sei "hei"til ein framand!

Tenkte berre å dele ei lita hending frå i går. Eg hadde min fyrste joggetur på lenge. Løp opp Rundemanen, uten vondt i noko kne. Eg gjekk ned igjen via Fløien( kjente det stakk inni mellom, men så lite at eg endeleg kan sjå eit lys i tunellen). No var det ikkje den fysiske helsa mi som skulle vere i fokus no, men det som hendte på veg ned frå fjellet. Det vart mørkt raskare enn kva eg hadde tenkt. Det var skumring på toppen av Rundemanen, og innen eg nærma meg Fløien var det mørkt. Eg er ganske felen av meg, og mange tankar gjekk gjennom hovude der eg gjekk aleine i "skauen". Så kom det inn ei jente føre meg på stien. Eg hang meg på nokon meter bak. Tenkte det føltes trygt å vere to. Då me kom fram til toppen av Fløien stoppa ho opp. Då eg passerte ho, sa ho; "Takk for følge gjennom skogen" Då måtte eg flire litt. Eg hadde gått og tenkt at ho sikkert var kjempetrygg der ho gjekk, og turte ikkje seie hei og spørre om å gå saman. Så har begge gått og tenkt det same. Dagens motto: ikkje ver redd for å seie hei til ein framand i skogen! Med forbehold....(og ta med lykt, no er det haust)

PS: alle innlegga blir så rare når eg brukar ipaden...derfor det ser så rotete ut osv.

Oktober og haust <3

Det har skjedd ein del sidan sist. Bloggen er ikkje gløymt, men det gjekk lenger og lenger tid, og til lenger tid det gjekk, til meir tiltak vart det. Det ironiske er at eg no sit heime i Sandnes og skal skrive eit lite innlegg om korleis eg har det, når bloggen i utgangspunktet nettopp er for dei heime, for å kunne følgje litt med meg i Bergen. Skjerpings Nina!

Vel. Kva har skjedd sidan 12.08

- Me har fått ny regjering (kjem ikkje til å kommentere noko meir om det, vonar berre eg fortsatt har lyst til å vere lærar etter dei neste fire åra)

- Eg har starta på kroppsøving/idrett på HIB. Noko som vil seie aktivitet kvar dag - hurra for det!

- Eg har flytta, eller, nei, det gjore eg i Juni/Juli

- Det har blitt haust, og det har vore ein finfin haust så langt

- Det vanlege livet, og slikt.

 

Eg har hatt det veldig travelt. Eller, rettare sagt, bloggen har ikkje blitt prioritert. Dagane er lange, med mykje skule, for så  prøve å presse inn litt styrketrening, lese og late som om eg er sosial. Men dagane er fine, eg er glad, har mykje energi (og det er så deilig!) og er omringa av folk som er glad i meg.

Men, for  å vise at livet mitt ikkje berre er sukkerrødt så kan eg seie at året så langt ikkje har vore heilt ideelt.

I mai fekk eg runners knee. Har klaga ein del over det tidlegare på bloggen (kva har ein vel ein blogg til?). Dette har ikkje gitt seg heilt. Venstre kne/fot er bra, men høgre vil liksom ikkje gje seg. For å toppe dette tråkka eg over for tre veke sidan, ikkje berre litt. Det laga lyd, og eg endte opp med å få observere 90 minutt med turn, frå froskeperspektiv.

Eg tenkte at det kunne vere positivt, for då kunne eg i alle fal ikkje springe. At eg rett og slett var tvungen til å sitte i ro. Det eg ikkje tenkte på at var at det var venstre fot eg tråkka over med, det vil vidare seie at høgre fot vart belasta ennå meir med hinking osv. Prikkinga i leggen kom tilbake.

Det tok meg ei veke å kunne gå vanleg på foten igjen. På veg til trening (å sitte i ro var kanskje litt optimistisk, men det er jo mykje ein kan gjere sjølv om ein ikkje kan springe), klarte eg å tråkke over på ny. Tilbake til leiligheita, Findus-wokblanding på foten og "påan" igjen. Ei veke seinare reiste eg heim på haustferie/studieveke, kall det kva du vil. Eg og mor gjekk tur i Melsheia. Tråkka over igjen. NO ER EG LEI! Eg hadde på støttebandasje, hadde akkurat begynt å trene opp ankelen igjen, og neste veke skal eg liksom stå på skøyter.

Dagens lesarspørsmål: Tips til korleis IKKJE tråkke over meir?

Ellers: Nyt hausten, eg trøstar meg med at eg fortsatt likar å sykle, eg byrjer å like å symje (kven skulle trudd det), og at hausten så langt har gitt oss mykje fine fargar.



Fanaråken opp: Syrefest utan like!

Advarsel: relativt langt innlegg om syrefest, smerte, glede og ja, motbakke.

Eg veit ikkje heilt kva eg hadde venta meg.... Fredag 9.august var me fem spente som vende nasen mot Turtagrø og Fanaråken opp 2013. Fanaråken er eit fjell som ligg i Luster, Sogn og Fjordane i Jotunheimen. Det er 2068 moh. Motbakkeløpet me skulle vere med på, starta ved Turtagrø som ligg på 868 moh. Løypa er 8,4 km, men dei fyrste fem kilometrane stig berre med 200 m. Dvs at på 3 kilometer skal ein 1000 meter opp.

På ferja, nervene hjå meg er i alle fall godt på veg.

Eg har vore på Fanaråken før. Då såg eg ingenting. Tett tåke. I mitt hovude var det ikkje fem kilometer inn til fjellet. Og i alle fall ikkje så langt opp!

Laurdag starta bra med ein fantastisk god frukost på Turtagrø hotel. Havregraut. Ingenting er betre. Er og eit pluss med alt pålegg og oppkutta frukt. Men den havregrauten, ingenting kan konkurrere med den. Den hjelper godt for psyken, noko som var meget naudsynt etter hvert. For der satt eg, og analyserte dei fleste eg såg, og noko gjekk igjen. Oss "vanlege" mosjonistar var ikkje i fleirtal her. Her var det mange godt trente, av begge kjønn. Frykten for å kome sist opp byrja å melde seg for alvor. 

 Eg og Kamilla

 Eg og Line før start. Du kan sjå skodda som hang ganske lågt. Men det var rundt 18 grader og ingen vind, så kan ikkje klage.

15 min til start. Varma litt opp, men tenkte og at eg hadde fem kilometer på å bli god og varm før den verste stigninga.

Fem minutt til start, korleis ville det gå med kneet? Eg og Line går og stiller oss nesten bakerst i feltet. Trur det var rundt 200 som stilte i aktivklassa, noko som gjere det til eit ganske lite felt samanlikna med løp og ritt eg har vore med på før. 

  Harald, Ørjan og eg, klar for start, før eg og Linge pellar oss så og sei bakerst i feltet.

3,2,1 go! Feltet byrjar å bevege på seg. Fort. Eg prøver å halde litt igjen. Kjenner pulsen stig uforskamma fort. 179, allereie!? Korleis skal dette gå? Høyrer energidrikka i camelbacken ristar, irriterar meg litt over sekken. Det er uvant å nesten ligge bakerst. Bestemmer meg for å kasta bort alle dumme tankar. Eg veit at eg ikkje har eit topp utgangspunkt. Eg har ikkje trent uthaldenhet gjevnleg sidan mai på grunn av langdistansekneet. Målet mitt for dette løpet var å utfordre meg sjølv, både fysisk og psykisk. Å samanlikne det komande resultate med andre deltakarar var ikkje det eg var ute etter denne gongen.

Den fyrste stigningen var over. Løypa svingte bort frå hovudveien og inn på ein grusveg, det gjekk nedover. Det stakk litt i sida av leggen, men ikkje mykje. Då me kom på flata kjende eg ingenting. HURRA, lettelsen var stor når eg forstod at kneet vil samarbeide.

Eg og Line heldt fylgje ei stund, og me byrja etter kvart å ta forbi fleire av dei som hadde storma av gårde. Merkar at det hjelper for psyken og heller springe forbi andre, enn å berre bli sprunge forbi. Me kjem til der stien til fjellet startar. Me hadde allereie slått over i rask gange. Eg hadde begynt å tenke "hjelp", kva er det eg driv på med. Så seier Line "no er eg i mitt rette element, eg er på fjelltur". Så pilte ho av gårde. Igjen endra eg fokus, ho hadde eit poeng. Det er ikkje noko nytt dette. Kor mange gonger har eg ikkje prøvd å halvere DNT sine estimerte tider for fjellturar? Eg heiv meg på ryggen til Line, fann eit greit tempo og fokuserte på kor beina skulle plasseras, og på å ha noko kontroll over pulsen.

Andre drikkestasjon var på 1500 moh. Det gjorde godt med litt energidrikke. Fortsett. Opp. Opp. Opp. Kjem forbi fleire. Ikkje berre kvinner, men og menn. Energiboost og sjølvtillitboost. Syra melder seg i ny og ne. Spring litt for å riste den ut av musklene. Dei neste 100 høgdemetrane går seint, dei er seige.

Kjem til 1600. Halvvegs. "Berre" ein gong til opp Ulriken no. Kjenner eg er sliten. Kastar igjen bort alle dumme tankar. Tilbake til fokuseringa og konsentrasjonen. Går forbi eit par til. Kjenner det tok litt vel mykje på, kanskje ikkje så lurt? Det gjere vondt. Hendene på låra, pusten i høygir, syre i beina. Og opp i alt dette tenker eg: Dette er gøy! Ja, eg likar å ha litt vondt, men det trur eg alle som er med på slike løp må synes.

2000 moh. 200 høgdemeter igjen. Prøver å tenke på om det er ca opp Veden heime. Kanskje, ikkje lenger i alle fall. Det kjem eit skilt om at det berre er 100 meter igjen. Det går seint. Veggen møtte eg lenger nede, men fast bestemt på at ingen skulle få kome forbi. Målet tittar fram. Ein mann kjem bak meg, prøver å gå forbi. Eg tenker berre, NEI, det kjem ikkje på tale. Byrjer å løpe, vonar og ber om å ikkje snuble. Beina skjelv, har eigentleg INGEN kontroll. Han forblir bak meg.

Kjem i mål, eller, eg stoppar visst rett før, er så tom. " nei nei, litt til", seier ei dame. Kikar opp, var visst to skritt frå den grøne matta. Kavar meg bort. Støttar meg på ho medan ho tar av tidtakingbrikka.

Prisar meg lukkeleg over gode Kamilla som var oppe og kunne gje meg energidrikke og ein skulder å støtte meg på. Det er lenge sidan eg har tatt meg så fullstendig ut. Det var skodde på toppen og 6 grader. Etter å ha fått på seg tørre klede sat me oss inn i hytta og fekk i oss litt mat.  Hurra!

 Lukkerus?



For eit løp. For ei oppleving! Eg er storfornøyd med resultate. 1.37. Hadde ikkje hatt moglegheit for å gå raskare. Då kan eg berre vere nøgd. Ulriken og Stoltzen kan berre gå og leggja seg, dei blir herved berre barnemat samanlikna.

Arrangørane har gjort ein kjempejobb. Vonar fleire oppdager dette flotte løpet. Område er nydeleg, og for rolegare turar til fjells. Vil du ikkje stille med tidtaking, kan du melde deg på i mosjonsklassa. Dei startar ila.eit vindu på tre timar, og det er utruleg motiverende å bli heia på av dei oppover når ein kjem med blodsmak i munnen - takk!

Formen steig fort med mat i magen, og det vart ein fin tur ned igjen. Det klarna litt opp, og me fekk dermed nyte litt utsikt og. Kvelden blei feira med treretters middag på Turtagrø og nokon slag med presidenten før så ei god natt søvn stod for tur. 


 På veg ned frå toppen
 Stien nedover. Bratt, sa du? Me konkluderte med at det kanskje var greit me ikkje såg så mykje på veg oppover...

 Tåka letter litt. Trur me ser litt av Styggedalsbreen? (Eller var det det den heite?)

 Ser litt av vegen der nede, som førar til Turtagrø

  Peiker mot toppen av Fanaråken. Sekk med 2 kg var påbudt. Eit fjelløp krevjer at ein har med seg klede til forhalda.

Dette er noko eg har lyst til å gjere igjen! Synd Skåla opp neste helg er fullt opp..Eller?



Takk for ei fantastisk flott helg Line, Ørjan, Harald og Kamilla! Kanskje me må gjere det igjen neste år og?  Ei ku på veg ned igjen.

Galskap?

Det er så rart å ha god tid, er ikkje vand med det. Eg er tilbake i Bergen no, for å arbeide. Men det tar ikkje heile dagen. Så når eg kjem heim frå arbeid, har eg tid til å lage middag, slappe av for så trene, kome inn igjen, og det er fortsatt kveld igjen til å vere sosial!! For å seie det sånn, eg får verkeleg lada opp batteria, tross jobbing.

Beina mine er så som så. Har byrja å løpe igjen, oppover. Har prøvd meg litt nedover, men då kjenner eg det "dagen derpå". Er så LEI! Tålmodigheit er ein dyd eg ikkje har mottat, i allefall når det er noko som gjeld meg sjølv. Vonar det gjer seg snart, vil ikkje at det skal gå utover neste år.

Turane eg har hatt har vore opp Ulriken, og rundt om på Fløyen og veiene der. Var og opp Stoltzen i dag - smerte. Ikkje i kneet denne gongen, men i kroppen! Og det er berre 300 høgdemeter. Eg lurar på kva i alle dagar eg har gjort. Det har seg slik at eg har vore litt stor i munnen, eller på tastaturet om du vil. I mai, då eg sat med bacheloroppgåva, sjekka eg kondis.no og termindatoane på løp (alt anna virka kjekkare enn å sïtte å skrive). Kanskje det var nokon kjekke løp i Bergenområdet når eg skulle vere her å arbeide. Det var det ikkje, ingen som passa med mine vaktar om ikkje anna. Men det eg fant, det var eit motbakkeløp. I Jotunheimen. 1200 høgdemeter. Opp. Opp Fanaråken. Fanaråken opp, som det for øvrig heiter. Det kunne jo vere kjekt, tenkte eg. Har gått der før, då med stor sekk. La ut ei link på løpegruppa på facebook og høyrte om nokon ville vere med. Tenkte med meg sjølv at det var det sikkert ikkje. Enten at det ikkje passa i forhald til ferie, eller at det berre ikkje frista. Den gang ei. Eg fekk respons, positiv respons. Så me er ein god gjeng på fem stykk, som skal kava oss opp Fanaråken 10. August. Det blir vel litt kjekt og. Men eg gruar meg litt. Veldig. Mykje. Ikkje akkurat i topp form, men det for gå som det går. Vonar det blir ei bra oppleving.

Derfor har eg hatt fokus på bein og oppover den siste tida. Og du kan tru eg lurte på ka i alle dagar eg har dreve på med, då eg var komen opp på toppen av Stoltzen i dag. Eller då eg var opp Ulriken, og tenkte at no er eg berre halvveis i forhald til kva Fanaråken er. Ein ting er sikkert. Eg skal ut av komfortsonen både fysisk og psykisk den dagen, noko eg trur eg berre har godt av.

Her er eit par glimt får dei siste dagane.



Oppdagelsesferd ned frå Fløyvarden. Du ser det kanskje ikkje, men der var det bratt!

Og då passa dette sitate får ein av benkane veldig godt!

Fløyvarden på Mandag

 

Utsikt frå Fløyvarden. 

 

Toppen av Stoltzen...Med tanken: Kva er det eg har gjort?!

Veien ned frå Stoltzen

Fina vere....

 

Dette var då ein liten titt frå nokon av dagane mine her i Bergen. Ellers kan eg seie at dei dagane som har vore best treningsmessig, er dei dagane dørterskelen har vore fleire meter høg. Det er noko å tenke på det.

 

God sommar vidare. Eg trur den kjem til helga!



 

Endeleg tid for tur!

Det er ferie, og det nytes fullt ut. Det er så deilig og endeleg kunne bruke dagane til det ein vil, som å gå masse turar, utan få dårleg samvit for at ein ikkje sitt og les. Eg kjenner skuldrene har senka seg etter vårens stress, og eg har enda over ein mnd igjen til skulen startar. Luksus, kalles det . Så langt har eg flytta frå A til B i Bergen. Korleis det skulle gått utan den fantastiske hjelpa frå mor og far veit ikkje eg...TAKK! Eg har og vore litt Jazzercise-instruktør, alltid kjekt vere tilbake. Gått tur på stranda, vært på Bynuten, Selvigstakken og Kjerag. Er du frå Sandnes-område, så er det ein veldig fin runde å gå til Bynuten og videre til Selvikstakken. Du kjører til toppen av Seldalsheia og parkerer der. Der frå og inn er det godt merka sti. Bynuten ligg på 671 moh, men du starter ikkje på null (kanskje 150?). Når du kjem opp på Bynuten er det skilta videre til Selvigstakken, men det er ikkje like lett å sjå. Stien er merka med T vidare og ein må gå ca like mange høgdemeter ned som ein gjekk opp. Selvigstakken er på 598 moh, og er synes du får ein betre utsikt frå den enn på Bynuten. Turen er på ca 15 km









Dei to fyrste bilete er frå Bynuten. Matlaging var på veg ned ( mat smaker alltid så mykje betre ute), og dei to siste er frå Selvigstakken. Turen til Kjerag var ikkje i like godt ver, men det er likevel ein fin tur, og ein slepp å gå i kø. Eg for heller sjå tilbake på tidlegare turar for å hugse korleis utsikten er. Til vanleg kan ein gå å kikke 1000 meter ned til Lysefjorden. Ikkje i dag.







Tenk, 1.juli er her! Nyt sommaren vidare, det skal eg, og i morgon er det Sirdal-Setesdal på sykkel som står på planen:)

Sommar, sol og ny energi

Tredje året på NLA-høgskulen er omme. Bachelor i pedagogikk er i boks. Avslutningsfesten er over, og eg er ferdig med mine tre år på Breietein. Tre fantastisk fine år. Det er ein flott skule med eit flott personale som møter deg med opne armar. Det er ein stad du bler sett og tatt vare på. Du forsvinn ikkje i mengda. Eg kjem til sakne Breistein, men ikkje reisevegen. Til gjengjeld er det ikkje mange som har eit så fint campus som det NLA på Breistein har. Hvis du vurderar å bli lærar/ barnehagelærar kan eg anbefale NLA på det varmaste.

Utsikt frå lesesalen Til neste år er det kroppsøving på HIB som står på planen. Eg gler meg som ein liten unge! Eit år med det eg likar best, må jo berre bli bra! Akkurat no er eg i Kroatia og nyt late dager med mor. Her lader me opp batteria etter ein hektisk vår for begge to. Snart er eg klar for Jazzercise-timar, turar i nærområde heime og sjå gode vener igjen. Men det eg gler meg aller mest til, er å vere meir tante!



Hender og føtter er fiksa på:) Våren har vore travel og blogg osv har vore nedprioritert. Men no er det sommar! ( bilete havner hulter til bulter når eg brukar ipad, men det for berre vere. ( det er såååå tungvint å laste opp bilete på IPad) Nyt sommaren vidare, eg kjem sterkare tilbake neste veke.

Sjølvdiagnostisering vellykka

Eg sitt her og er litt letta. Timen hjå fysioterapauten gjekk bra, hvis me ikkje tar med det faktum at eg følar meg mørbanka i beina. Trur kanskje det er vanleg å kjenne det slik etter at nokon har knadd på deg i 30 minutt.

Beskjeden var: Ja, eg har runners knee(kanskje eg skulle blitt fysioterapaut, sidan eg er så flink til sjølvdiagnostisering?), og ja, eg må ta det "lungt". Heldigvis har eg fått grønt signal for:

- Sykling. Må berre byrje roleg, og sjå korleis kroppen responderar på det. Ikkje spinningtime med ein gong med andre ord, men 30-40 minutt roleg i fyrste omgang.

- Kan GÅ opp Ulriken (men, må ta banen ned. Det kan eg leve med).

- Kan gå generelt på tur, men ikkje i nedoverbakkar, og ikkje slik at det gjere vondt (ingen nedoverbakkar i Bergen kan vel og merke by på utfordringar).

 

Ellers fekk eg eit par styrke og strekkøvelsar. Skal tilbake neste veke igjen. Kanskje trykkbølgebehandling. Nokon som har erfaring med dette?

Hu tippa ellers at eg burde la vere å springe i 2-3 veker, og så ta det der fra igjen. Hvis eg er heldig, kan eg kanskje byrje å springe litt om to veker. Lov å håpe!

Dei får vel få litt kvile då...Sakn

No ber det tilbake til "Nyere norsk kristendomshistorie", "Blikk for bilder" og "Guddommelig skjønnhet" . Dei to siste er bøker om kunst, og kunst i religion. På ein måte litt spanande, på ei anna side, grueleg tørt.  

Ha ein fin torsdag vidare. Dette var ei lita oppdatering frå denne kanten!

 

Telefonmaraton!

Det er ikkje det at eg har gløymt bloggen, eller at eg ikkje har tid,for det har eg. Bacheloren er levert (rar kjensle), og eg har to (hadde) veker på meg til å førebu meg til heimeeksamen i RLE (slit noko med motivasjonen). Det er berre det at eg ikkje har så mykje å skrive om. Eller, eg kan beskrive morgontimane mine i dag. Eg har gjort noko så spanande som å bestille fysioterapitime. Noko ein skulle tru var enkelt. Den gong ei.

Bacheloren er levert!

Fyrst ringte eg til den klinikken kor eg omsider fekk time. Problemet der, var at heile systemet for booking var nede, så dei kunne ikkje ta i mot timebestilling. "Ring igjen om ein time", fekk eg beskjed om. Flink som eg er, ringte eg tilbake nøyaktig ein time seinare. Det viste seg at systemet fortsatt var nede. "Ring igjen om ein time", fekk eg beskjed om. Flink som eg er, ringte eg tilbake igjen etter ein time. Systemet var FORTSATT(!) nede. "Ring igjen om ein time", sa dei. Eg var lei.



Eg burde nok ikkje på sundag. Men etter arbeid blei det ein tur opp stoltzen i finveret. For stor fristelse med sol og varme. Gjekk bra opp, eit større problem ned Fløien...


Ringte ein anna  klinikk, men dei hadde ikkje ledig før etter summaren. Dette var i seinaste laget, då eg vil bli frisk "no". Tenkte då at sidan dette skulle vere så vanskeleg, kunne eg alltids prøve å få tak i ei henvisning frå lege i same slengen. Problem igjen, fastlegen min er i Sandnes. Då eg hadde betennelse i handleddet for om lag eit år sidan, gjekk eg til "legene på høyden" som er tilknytta SIB. Tenkte (smart som eg er), at der kunne eg sikkert få time. Eg ringte, og tenk, dei tok telefonen på fyrste forsøk. O store glede. Berre eit problem. Mitt  (sjølvdiagnostiserte runners knee, eller på godt norsk - løparkne) behov, var ikkje akutt nok. "Du må nok skifte fastlege", fekk eg beskjed om. Eg prøvde meg då på om det ikkje var akutt nok når det gjorde vondt å gå både opp og ned i trapper (ja, smurte litt på då ja). Ho som satt i andre enden av telefonen spurte meg kor lenge eg hadde hatt vondt. Tja, ei veke eller to (dum som eg var), sa eg. "Trudde det skulle gå over av seg sjølv", prøvde eg meg på. "Nei, du må nok skifte fastlege, du".

Hallo - Kven kan stå imot ein løpetur i eit slikt ver! (Dårleg kvalitet på Stoltzenbileta grunnet bruk av "facekamera".

Sukk.. Jaja. Prøvde å ringe den fyrste fysioterapiklinikken igjen (med 15% rabatt for studentar!). Opptatt. Prøvde igjen. Opptatt. Til slutt fekk eg manna meg opp til å etterlate namn og nummer slik at dei kunne ringe meg tilbake (har ein skrekk for telefonsvarar, eller generelt, ringe folk som eg ikkje kjenner). Eit par timar seinare ringte dei meg opp. Time i morgon. Hurra! Vonar eg. Kva vonar eg på? Eigentleg at dei kan svinge tryllestaven og vips vere kvitt "problemet". Det er vel gjerne ikkje realistisk. Eg vonar at dei seier eg kan sykle som alternativ, at eg får vist nokon tøye og styrkeøvelser, kanskje eit form for opptreningsopplegg. Det eg verkeleg vonar er at det om ikkje anna er borte innan august.     

Nyt dagen. Høyrer rykter om at det regne rundt om i landet. Fare for storflaum. Vel, utruleg nok, ikkje i Bergen. Så berre kom - her skin(nesten) sola!

Vonar dykk har vore meir effektive enn meg i dag.

 

Kom arbeidslyst og treng deg på, her skal du motstand finne!

 

 

PS: Hadde du ein fin 17.mai? Tenk, fint ver å greier! Dette er det einaste bilete eg tok med kamera den dagen. Eg og gode Helene, lunsj på Zupperia:)

Innspurt



Det nærmar seg innlevering av B.oppgåva. Og gjett om det skal bli deilig! Manglar berre 500 ord. Dessverre i feil retning, eg må kutte. Og det gjere vondt, har allereie kutta 2000. Tenk, ein har sete og gnagd på desse orda, stelt med dei, prøvd å gjere sånn at dei har det bra og passar best mogleg inn. Og så, med ein skarp kviv, kuttar ein dei bort. Kastar dei i bosse. Som om dei ikkje var verd noko som helst.

Synest du dette var for dramatisk? Kanskje. Men det er det einaste dramatiske og spanande som skjer for tida i livet mitt. Ikkje har eg løpt på ei veke på grunn av eit lite samarbeidsvillig kne.Tenkte å prøve meg ein tur i dag, kryssar fingrar og tær for at det er godt nå, for held verkeleg på å bli sprø av å ikkje kunne gå ut å springe i vårværet. Ellers har eg meldt meg på Oslo halvmaraton i september. Er ein god gjeng som skal reise, så det blir bra! Noko å sjå fram til. Etter sommaren då, for sommaren i seg sjølv er jo verkeleg noko å glede seg til. Ferie sa du?JA!

April og mai har vore ganske spanande værmessig då. Her har eg tre bilete. Dei to nederste er tatt dagen då Bergen City Maraton vart arrangert (og eg fann ut at det kosta 700 kroner å melde seg på same veke). Då sprang eg og ei veninne ein meget fin (og gratis) langtur opp Rundemann med anna. Der var det snø!  Og i byen, der var det begynt å bli grønt. Det fyrste bilete er og tatt i april ei gong..Ser ikkje ut som om våren er på veg på det...

 



Ha ei fin veke alle saman! Eg vonar eg får meg eit par løpeturar etter kvart. Om ikkje anna så skal eg bli sterkare og klare å dra meg fleire gonger opp ei stang (også kalla Pullups/chins osv). No ventar skalpell og bachelor!

 

 

Dagdraumar om "min veg"

I fare for å hamne i kategori rosabloggar fann eg ut at eg må skrive ned nokre av tankane mine frå den siste tida.

Line skreiv for ei stund tilbake om det å glede seg til det som skal skje (lineinspirasjon.blogg.no. I det siste har eg tatt meg sjølv i å gjere det samme, eller,nei. Eg gjere det motsatte. Eg dagdraumar tilbake til tidlegare opplevingar.  Kanskje litt for ofte. Alle dei fine opplevingane eg har fått så langt i mitt 22 år lange liv. Eg ser på meg sjølv som heldig, veldig heldig. I løpet av dei siste ti månadane har eg vore i Israel, på Svalbard og Nepal. Det er ikkje gale det. Hvis eg ser tilbake dei siste tri åra, kan eg føye på USA, Kenya og jenteturar til Danmark og Irland. For ikkje å gløyme alle turane i Noreg.

 På veg ned fra bladet i Molladalen med Høgtun FHS - "hjarteihalsenoppleving!"

 

 Utsikt frå toppen av Empire State Buidling

Utsikt over takene i Jerusalem. Annleis enn NY for å seie det sånn

 Nybyen på Svalbard

Kathmandu i Nepal

 

 

No kan det virke som om eg målar kor heldig eg er ut frå kor mykje eg får reist, det gjere eg ikkje, men det er med på å farge livet mitt. For er det ein ting eg har lært dei siste åra, så er det at livet ikkje alltid tar den vendinga ein trur. Ein kan sitte heime å planlegge å kokkelure så mykje ein vil, men ein har gjerne ikkje så mykje kontroll som det ein likar å tru. Sjølv om eg har opplevd mykje bra dei siste åra, vil det ikkje seie at eg ikkje har opplevd motgang, for det har eg. Nokon periodar har vore tunge, men uansett kor langt nede eg har vore, kjem eg meg alltid opp igjen. Det ordnar seg alltid. På eit vis. Eg kan velge å fokusere mykje på dei periodane, eller eg kan sjå korleis det har vore med på å forme den eg er i dag.



Så gjør dere ingen bekymringer for morgendagen; morgendagen skal bekymre seg for seg selv. Hver dag har nok med sin egen plage (Mat.6,34)

Eg er det som gjerne blir omtala som personleg kristen (likar ikkje slike definisjonar, blir liksom putta ner i ein boks). Mange snakkar om det å legge livet sitt i Guds hender. Det tykje ikkje eg er lett, av den enkle grunn at eg likar å ha kontroll. Eg likar å vite kva som skal skje i morgon, overmorgon og gjerne om ein månad. Sjølv om eg gong på gong opplev at det ikkje blir slik som eg hadde tenkt. Eg kan no sjå tilbake og sjå korleis veien blir til medan ein går. Nokon vil seie tilfeldigheit, eg vel å seie at Gud har ein finger med i spelet og styrar meg der han ser det er naudsynt. Å leggje livet sitt i Guds hender handlar heller ikkje om å slutte å planlegge, men vere open. Så kanskje hvis eg klarer å vere meir open, at eg då kan bekymre meg mindre, og heller sjå kva som skjer. Eg kom meg jo til Nepal, og det gjekk bra.

Til slutt vil eg leggje med eit dikt. Eit dikt som har eit bodskap som er godt å ta med seg ut i kvardagen.

"Din veg" av Olav H Hauge

Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå.

Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.

Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell. 
 
Kven er du, og kva har forma deg? Har du tenkt på det? 

Ekte ettertreningsbilete!

Fyrst av alt. Ein veit løpegleda er tilbake når ein gler seg til å ta på seg springeklede å gå ut når det er tre grader og sludd/regn ute. Og at på til kan smile når ein gjere det. Hurra for det.

No, til det eg ville vie ei lita merskemd til. Bilete. Litt meir presist - treningsbilete på bloggar. Eg følgjer med på eit par tre treningsbloggar, alt frå løparar til andre som kan kome med inspirasjon. Desse bloggarane tar gjerne og postar bilete av dei medan dei trenar.  Eg undras over korleis dei alltid klarar å sjå så freshe og flotte ut når dei trenar? Eg klarar ikkje det, enten eg spring eller prøvar å løfte litt vekter. Eg er raud i tryne, svetta renn og håret er eit kaos. For ikkje å gløyme at eg ikkje har med meg nokon til å ta bilete av meg når eg trenar. Og om eg har nokon med meg, så er dei like lite interessert i å stoppe treninga for å ta bilete, som eg er interessert i å stoppe for å posere.

Så, her er då eit tappert forsøk på å vise korleis eg ser ut etter 9 km i sludd og vind. Resultatet er ikkje nydeleg, men det er nå sånn eg er. Og eg trur kanskje det høyrer fleirtalet til...Eller tar eg feil?

 Løperotehår!

 Blaut, med ullen nedi buksa for å ikkje få glipe. Veldig naudsynt! Berre ikkje så nydeleg å sjå på.

 Ikkje så lett å sikte inn heile meg på eit bilete utan hjelp.

Ikkje lett altså. Og dette er nokon av dei betre for å seie det sånn. I tillegg fekk du med litt av rote i leiligheita med på kjøpet. Rydd og vask står ikkje på øvste prioriteringsplass her når me er to som sitt og skriv.

Så, er det vanleg å sjå bra ut etter trening? Eller er det berre eg som er uvanleg lite fotogen?

Og slik går no dagan...

Ikkje mykje nytt frå denne kanten nei... Eg kan kome med døme på ein typisk dag

1. Står opp 06.45, et frukost osv

2. Går frå leiligheita seinast 07.45, ein times reise er i vente til skulen ( NLA, Breistein)

3. Skule frå 09.00 til 14.00

4. Heime ca 15.00

5. Sett meg på rommet, glor litt på pcen i håp om at bacheloroppgåva skriv seg av seg sjølv...

6. Skjønar at det ikkje skjer, så byrjer på middag i staden (ca 15.30)

7. Ete, rundt 16.00 -stor glede, eit av dagens høgdepunkt!

8. Vasker opp rundt 16.30

9. 16.35 sett eg meg med pcen igjen, og vonar igjen oppgåva vil skrive av seg sjølv

10. Innser igjen at det ikkje skjer, så eg opnar bøkene og byrjer og "jobbe"

11. På eit eller anna seinare tidspunkt innser eg at eg må "lofta vede" litt, og tar meg ei form for treningsøkt.

12. Heime igjen, dusjar, ete, kanskje litt sofa tid

13. 23.00. Sove.

Og så snur me rekka og gjere det samma ein gong til. Har eg ikkje undervisning, ka gjere eg då? Skriv. Kanskje eg til og med får meg to økter med lufting av vettet. Spanande kvardag? Tja... Draumar meg både til Nepal og Israel...

 

 



God kveld:)

Er trening alltid lystbetont?

Det er så godt å kjenne at energien er på veg tilbake.  Å vakne om morgonen er ikkje lengre ein evig kamp, og dørterskelen for å kome seg på trening har sunke drastisk i det siste. Endeleg. Mange trur at trening alltid går av seg sjølv, hvis ein berre blir vand med det. Hvis ein berre likar det. Vel, den myten kan eg avblåse. Det vil kome "tørkeperiodar", kor motivasjonen dalar, saman med progresjonen. Kvifor trene? Kvifor skal eg gidde å springe intervallar? Er det så viktig å bli betre på mila? Er det å halde seg i form så viktig?

I slike periodar tar eg det litt som det kjem. Treningsmengda går ned, men eg sett meg eit minimumstak per økter per veke. Då handlar det om disiplin. Og ein god dose  staheit. Heldigvis er eg utstyrt med det. Staheiten altså. For eg veit at om eg berre gjeve det tid, så vil perioda gå over, og ein vil falle tilbake i den gode gamle tralten, kor trening er lystbetont og gøy. Det eg og veit, er at om eg ikkje går og trenar sjølv om eg ikkje har lyst, så vil vegen tilbake bli enda lengre. For det er faktisk slik, at når ein berre får på seg klede, og kjem seg ut, enten på treningssenteret eller for å springe, ja, då er det jo ganske greitt. Har du nokon gong angra på ei økt du har gjennomført? Det er vel heller dei ein droppar til fordel for "Gossip Girl" på netflix som blir dei angrande (snakkar av erfaring...)

Utsikt frå Vedafjell/Veden sundag kl.07.15.

Til vanleg er det utsikt over Sandnes og til Stavanger, men lavt skydekke denne dagen gjorde utsikten relativt dårleg.

 




Men hugs, lytt til kroppen. Det er forskjell på sliten kropp som treng ein ekstra restitusjonsdag, og vondt i viljen!

God tirsdag vidare. Eg vonar eg kan feire levert RLE- oppgåve med ein joggetur seinare i dag. Om berre konsentrasjonen held seg!

 

Paprikasuppe utan paprika

Tidlegare laga eg eit innlegg med brokkolisuppe, ei oppskrift frå bladet shapeup. Eg har fortsatt dilla på supper, så eg tenkte eg skulle prøve fleire av oppskriftene, og bestemte meg derfor for å laga paprikasuppe. Dette var ein sundag, og eg hadde ingenting på kjøkkenet. Dermed måtte eg gå til ein sundagsopen butikk, som igjen er tiltak i mitt hovude. Likar ikkje å gå på butikken på ein sundag, er på ein måte litt prinsippsak. Men mat må ein ha. Tilbake frå brutikken lassa eg varene (det var ikkje så mange, høyres berre betre ut) på benken. Og kva ser eg. Eg hadde gløymt paprika. Paprika i paprikasuppe er jo ganske essensielt, men eg orka ikkje tanken på ein sundagsopenstappfull butikk. Det vart dermed ei paprikasuppe utan paprika. Eigentleg ei tomatsuppe med meir gulrot i enn kva det stod i den originale oppskrifta. God vart den, og den glei ned på høgkant.

Til ein svulten person(eigentleg to personar, men eg var berre meg, og eg var svulten) treng du:

  • 4 små sjalottlauk
  • 4 fedd kvitlauk
  • 2 store gulrøtter
  • salt
  • pepar
  • 1 boks hermetiske tomater
  • 3 dl vatn
  • Spekeskinke

Korleis gjere du så dette? Veldig lett.

  1. Sett omnen på 200 grader
  2. Hakk opp kvitlauk og sjalottlauk
  3. Surr lauken i litt kokkosolje i ei gryte (kan gjere det i ei panne, men då får du meir oppvask når du treng ei gryte til å blande alt i etterpå, og eg har ikkje oppvaskmaskin...)
  4. Rasp to gulrøtter
  5. Tilsett vatn, hermetiske tomater og halvparten av gulrøttene med lauken.
  6. Legg spekeskinka i omnen
  7. La det småkoke i rundt 5 minutt.
  8. Mos alt med stavmiksar til ein fin blanding
  9. Hell litt suppe i ein tallerk. Legg oppi nokon sprøsteikte spekeskinker og topp med litt reven gulrot.
  10. Et, nyt, og sjå gjerne VM i ski på fjernsyn samtidig om du sit aleine.
  11. ( Kan anbefale is til dessert. Fåes i butikken ;) )

 Er ikkje så flink til å hugse på at eg kanskje må ta bilete av maten, før eg byrjar å ete.

Kjelde: Det nye Shape up, April/mai, side 25.



Takk for no Nepal!



Meg, Joanna og Norhild på kurtashopping før Okhaldunga! No er to veker snart over. To veker proppa med inntrykk og opplevelsar. Eg er så heldig som har fått oppleve alt dette, det er ingen sjølvfølge. Det er ingen sjølvfølge at alle har vore friske, at landet ikkje har vore ramma av streik, slik me har kunne reise der me ville, eller at skydekke har letta slik me har fått sjå Himalaya. Eg følar meg rett og slett skikkeleg velsigna!

Utsik til Himalaya frå gjestehuset på gåturen

Eg og Joanna - klesvask, tjohei! Eg gruar meg til å sei farvell til landet, for ikkje å gløyme alle dei fantastiske menneskene eg har fått sett og bli kjent med. Heldigvis kjem fleire av dei snart tilbake til Noreg, og eg vel tilbake til Nepal. Litt vemodig er det likevel. Eg er blitt merka for livet, på ein god måte. Fått masse inspirasjon og blitt vist fleire moglegheiter ein har i livet sitt. Ein har alltid morgendagen, og den vil eg nytta.

Ikkje så lett å samkjøyre hoppebilete!

Perlemarked Kathmandu Durban Sq.

Når eg kjeme heim skal eg skrive litt om dei ulike organisasjonane me har besøkt. Kven dei er og kva dei arbeidar med. Eg tenkte og å kome med nokon trip-tips, i tilfelle du og vil til Nepal.

HDCS og ABBS, der Alice arbeider, utsendt frå Normisjon.

Me snakkes:)
Les mer i arkivet » Juli 2014 » November 2013 » Oktober 2013
Nina

Nina

23, Sandnes

Eg er frå Sandnes, men studerer i Bergen. Her går eg på HIB og tar 4.året med idrett/kroppsøving (henger og litt på NLA kor eg tar litt spesialpedagogikk) Ellers er eg Jazzercise-instruktør, så du finn meg gjerne på ein time i Sandnes i feriane. Eg er glad i å vere i bevegelse, som er ein stor del av meg. Enten det er å gå tur med gode vener, eller ei skikkelig hard treningsøkt. Eg trur fysisk aktivitet er nøkkelen til mykje, men ein må finne den aktiviteten som passar seg. Her skriv eg om min kvardag, mine tankar og mi tru. Kjekt om du lat at eit spor frå deg hvis du først har forvilla deg inn her! Helsing Nina

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits